Om oss

Lengst inne og øverst oppe i Kandal, med spektakulær utsikt utover Breimsvatnet, finn du familiebedrifta Kandal Kjøtt. Garden er brattlent, og har dreve med geitehald i mange generasjonar. På bakgrunn av dei gode råvarene som garden har gjeve oss, har vi valgt å tilby våre tradisjonar med foredling av geit- og kjekjøtt.
Våre produkt vert laga slik som vi alltid har gjordt det, med reine kjøttvarer, naturleg tørking på stabburet, og tørrsalting av spekelår og pinnekjøtt - sjølvsagt av geit og kje.
Familiebedrifta er i dag dreven av Bjørn og Magni Nygård. Dei starta i det små med å tilby nokre få produkt. Etter å ha dreve med ein liten produksjon i nokre år, fant vi det nødvendig å sette opp eit nytt produksjonslokale for å kunne produsere nok til å dekke etterspurnaden, og for å kunne tilby fleire produkt. Produksjonslokalet sto ferdig hausten 2004. No er også sonen, Paul Nygård, med i produksjonen og utviklinga av bedrifta.
STØLEN VÅR:
På Myklandsstølen er det aktiv sæterdrift med 7 aktive geitebruk som har geitene sine ute på beite inne i Myklandsdalen. Der er eit yrande "geiteliv" med omlag 600 geiter som vert mjølka morgon og kveld frå slutten av juni og 6 veker framover.
Stølen er Norges største geitesæter i drift -verdt eit besøk om sommaren!




