Ekte handverk frå garden
Våre speke-produkt vert tørka på stabbur. Med frisk fjelluft og tørking over tid, kjem den gode smaken.
Reine og naturlege ingrediensar
For å få fram den gode kjøtsmaken, brukar vi reinskore kjøt og lite krydder. Alle våre produkt er utan kunstig tilsetting. Dei er opgså utan mjølk, gluten og andre allergen.
Småskalaproduksjon med lokal forankring
Våre produkt vert laga med stoltheit og respekt til lokale mattradisjonar og gode råvarer
Produkt
Kandal Kjøt foredlar geit- og kjekjøt til eit breitt utval av produkt, tilpassa sesong, kvardag og fest. Alle våre produkt er utan kunstig tilsetting, mjølk, gluten og andre allergen.
Spekemat
Spekemat
-
Spekepølse av geit Stabburstørka spekepølse av reinskore geitekjøt, litt svinespekk, salt og pepar. God på tur, til koldtbordet, grauten eller på skiva.
-
Kvitlaukspølse Stabburstørka pølse av geit, litt svin, kvitlauk, salt og pepar. God på tur, koldtbordet og på skiva.
-
Kjerizo Stabburstørka pølse av geit, svin, salt og chorizo-krydderblanding. God på tur, koldtbordet, til pizza eller kokt torsk.
-
Eplesprett Stabburstørka pølse av geit, svin, salt, pepar og eplebrennevin frå Gardsbrenneriet AS. Ei pølse som høver godt til koldtbordet, som tilbehør til ost og sider.
-
Spekekjøt Tørrsalta og stabburstørka lår av geit. God til rømmegraut, koldtbordet og på skiva.
-
Spekepinne Stabburstørka spekepølse av reinskore geitekjøt, litt svinespekk, salt og pepar. God på tur.
-
Spekepinne med eple Stabburstørka pølse av geit, svin, salt, pepar og eplebrennevin frå Gardsbrenneriet AS. God på tur, eller som noko å bite i.
-
Spekepinne med øl Stabburstørka pølse av geit, svin, salt, pepar og glutenfritt øl frå 7 Fjell Bryggeri, Fløyen IPA.
Grillmat
Grillmat
-
Grillside av kje Heil side av kje, ferdig ruta, med urter frå Høgt og Vilt.
-
Grillbog av kje Kje-bog, med urter frå Høgt og Vilt. Beinet er kutta av to stader for lettare oppdeling etter grilling eller steiking.
-
Grillbein av kje Ferdig grilla kjekjøt av småkje. Er varmebehandla, slik at ein treng berre litt oppvarming på grill eller steikepanne.
-
Kandalsburger Kandalsburger en ren kjøttburger laget av geitekjøtt og litt svinekjøtt, krydret med salt og pepper
-
Kandalsgrill Grov skinnfri grillpølse, ferdig kokt og klar til grilling eller steiking. Inneheld geit, litt svin og krydder.
-
Indrefilét av geit Marinerast før den leggast på grillen. Kvitlaukspepar anbefalast.
Pølser og pålegg
Middag
-
Kjerizo-bratwurst Kokt pølse som egnar seg godt på grillen eller steikepanna.Rein kjøttpølse med krydderblanding som gjev litt sting.
-
Dampepølse Grov kjøttpølse av geit, litt svin, salt og pepar. Dampe eller trekke i om lag 40 min. God til raspeball, pinnekjøtt, eller som eigen rett med potet og kålrabistappe til. Smakar også godt som pålegg når kald.
-
Kandalspølsa Grov kjøttpølse av geit, litt svin og krydder. Dampe eller trekke i ca. 40 min. God til raspeball, pinnekjøtt, eller som eigen rett med potet og kålrabistappe til. Smakar også godt som pålegg når kald.
-
Kandalsgrill Grov skinnfri grillpølse, ferdig kokt og klar til grilling eller steiking. Inneheld geit, litt svin og krydder.
-
Kjerull Påleggsrull av haustkje. Kun tilsatt salt og pepar. God på brødskiva
Stykningsdelar
Pålegg
-
Kjelår spedkje Lår frå spedkje som har gått på mjølkeforing i 5-6 veker.
-
Kjesteik Utbeina kjelår frå haustkje som har gått på beite gjennom sommaren. Slakta på hausten
-
Kjelår haustkje Kjøtt av haustkje. Godt eigna til langtidssteiking.
-
Kjekjøt i bitar Haustkje, oppkappa i serveringsstykke. Godt til marinering, sosekjøt, kje-i-kål og kje-kleftiko.
-
Ytrefilet av geit Reinskoren filet.
-
Indrefilet av geit Reinskoren file.
Julemat
Julemat
-
Pinnekjøt av geit Tørrsalta og stabburstørka pinneside av geit. Serverast saman med kålrotstappe, poteter og dampepølse.
-
Pinnekjøt av kje Tørrsalta og stabburstørka pinneside haustkje. Serverast saman med kålrotstappe, poteter og dampepølse.
-
Pinnebog Tørrsalta og stabburstørka bog frå haustkje. Er kutta i bitar etter tørking. Serverast saman med kålrotstappe, poteter og dampepølse.
-
Julepølse Grov kjøttpølse av geit, litt svin og krydder. Dampe eller trekke i ca. 40 min. God til raspeball, pinnekjøtt, eller som eigen rett med potet og kålrabistappe til. Smakar også godt som pålegg når kald.
-
Kjerull Påleggsrull av haustkje. Kun tilsatt salt og pepar. God på brødskiva.
Serveringstips
Spekemat
Rekn om lag 100 gram reint kjøt per person, i tillegg til tilbehør som potetsalat, eggerøre, grøn salat og flatbrød.
Middag
Når du nyttar reint kjøt, kan du rekne 200 gr pr pers. Nyttar du kjøt med bein (grytekjøt), må du rekne 350 gr pr pers, i tillegg til tilbehør.
Kje på grillen
Kjekjøt er magert og mildt på smak. Kjøt frå spedkje eignar seg svært godt til grilling.
Sogn og Fjordane
Florø
- Coop Extra Florø
Eikefjord
- Spar Eikefjord
Førde
- Spar Alti
- Coop Extra Førde
- Coop Extra Førdegården
- Coop Extra Førde Sentrum
Gloppen
- Coop Prix Byrkjelo
- Coop Extra Sandane
- Bakar Jon
Jølster
- Coop Prix Skei
- Joker Skei
- Coop Marked Vassenden
- Spar Jølstraholmen
Naustdal
- Coop Extra Naustdal
Nordfjordeid
- Coop Extra Nordfjordeid
- Minibakeriet
Stryn
- Coop Extra Stryn
- Coop Marked Fjelli
Dale
- Coop Extra Dale
Askvoll
- Askvoll Sjømat og Delikatesser AS
Selje
- Coop Prix Selje
Sogndal
- Coop Extra Sogndal
Måløy
- Coop Extra Måløy
Resten av landet
Sunnmøre
- Coop Mega Volda
- Coop Mega Ulsteinvik
- Coop Extra Furene/Volda
- Coop Prix Hornindal
Molde
- Coop Mega Molde
Bergen
- Løvås gard
Telemark
- Lega Ost og Bakst
Her finn du oss på torget
Du møter Kandal Kjøt på marknader og torgdagar gjennom året, særleg i haust- og førjulstida. Her kan du handle produkta direkte og slå av ein prat.
Marknader og torgdagar 2026
13 Juni 2026
Bondens Marked, Sandane
19 September 2026
Matamål, Sandane
Dato kjem
Bondens Marked, Førde
Historia vår
Den tradisjonelle metoden med tørrsalting og lufttørking på stabbur er den same som alltid har vore brukt på garden, men det er ikkje til hinder for utvikling og nye smakar. Med moderne utstyr foredlar vi på tradisjonellt vis.
Det som starta med å foredle gardens eigne dyr, vart etter kvart ein større produksjon, der det vart behov for langt meir. Mesteparten av det vi foredlar, er geit og kje frå vestlandet, kjøpt gjennom slakteriet Nortura i Førde.
Stølen vår
På Myklandstølen er det aktiv seterdrift, med mjølking av geiter morgon og kveld frå slutten av juni og om lag seks veker framover. Fleire av gardane i bygda har dyra sine på beite i Myklandsdalen, så her er det store moglegheiter for at du treff på både geit, sau og hest.
I 2010 valde garden vår å satse for fullt på kjøtforedling, vi har difor ikkje mjølkeproduksjon på stølen i dag.
Stølen er verd eit besøk om sommaren. Det er veg heilt fram, og moglegheit for parkering på innegjerda område. Stølen er eit fint utgangspunkt for fotturar, anten ein vil gå i lett eller bratt terreng. Det er bomveg.
Folka bak
Dagleg leiar/produksjon
Paul Nygård
Kvalitet/salg/logistikk
Jorun Beate Nygård
Siste nytt frå Facebook
Kontakt oss
Har du spørsmål om produkta våre, eller du lurer på kor du kan finne dei? Ta gjerne kontakt.
Kandal Kjøt DA
Kandalsvegen 1464, 6823 Sandane
Org. nr: 996 899 926
Ofte stilte spørsmål
- Kva er spesielt med geit- og kjekjøt?
Geit- og kjekjøt er magert og mildt på smak. Kjøtet inneheld mindre metta fett enn mykje anna rødt kjøtt, og vert difor rekna som "lettare" rødt kjøt.
Geita trivast best i bratte lier der andre dyr ikkje går, og ho et kratt som andre dyr ikkje et. Geita er ein fantastisk ressurs som hindrar gjengroing, og som yter mykje i forhold til kva ho krev.
- Er produkta utan mjølk og gluten?
Ja. Alle produkta frå Kandal Kjøt er naturleg utan mjølk og gluten, og laga av reine kjøtvarer.
- Kor kan eg kjøpe produkta dykkar?
Du finn produkta i utvalde daglegvarebutikkar i vårt nærområde. Vi sel også gjennom Bondens Marked, på matfestivalar og messer. Spekemat kan vi sende direkte til deg gjennom posten.
- Sel de direkte til privatkundar?
Vi sel hovudsakleg gjennom butikk, men også direkte til kunden gjennom Bondens Marked, på matfestivalar, messer. Spekemat kan vi sende direkte til kunde gjennom posten.
- Kva er forskjell på diekje og haustkje?
Vi skil kjekjøt i 2 kategoriar; diekje og haustkje, ettersom bruksområdet er noko ulikt. Diekje er kje som har fått mjølkeforing fram til dei vert slakta 5-6 veker gamle. Kjøtet har ein lys farge, litt som kylling. Dette kjøtet eignar seg godt til grilling.
Haustkje er kje som har gått på beite heile sommaren, og som vert slakta på hausten. Dette kjøtet er raudare på farge og treng noko lenger tilberedningstid. Det er godt eigna til gryter og langtidssteiking.
